Nasjonalt senter for fjellandbruk er etablert!

Nasjonalt senter for fjellandbruk AS er nå stifta. Senteret skal bidra til å utvikle eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda med utgangspunkt i fjellbygdene sine ressursar, særtrekk og fortrinn, gjennom kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling.

Foto: Frå venstre: Odd Erik Holden (ordførar Øystre-Slidre kommune), Kari Clausen (Norges Vel), Håkon Haug Laa (Norges bondelag), Kari Randen (Fjellnettverket), Ingvild Oldre Heggom (Norsk Bonde- og småbrukarlag) og prosjektmedarbeidar Julie Helen Holmvik.

- Nettverksbygging for utvikling og deling av kunnskap er viktig for å fremme livskraftig fjellandbruk i Noreg, seier nyvald styreleiar for senteret Torfinn Opheim.

Selskapet Nasjonalt senter for fjellandbruk AS blei formelt stifta 12. mai av Norges Bondelag, Norsk Bonde- og småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgiving (NLR), Fjellnettverket, Noregs Vel og Øystre Slidre kommune. Styret har 7 medlemmer, og har slik samansetting:

Torfinn Opheim, Styreleiar, Sauda
Kari Randen, Nestleiar, Fjellnettverket
Ingvild Oldre Heggom, Vang
Håkon Haug Laa, Ål
Oskar Tørres Lindstad, Røros
Liv Lyngstad, Øystese
Nils Johan Svalastog Garnes, Vinje

Senteret er lokalisert på Løken gard i Valdres.

Landbruks- og matdepartementet (LMD) har for budsjettåret 2023 løyvd 4 mill. kroner til etablering av Nasjonalt senter for fjellandbruk. Statsråd Sandra Borch er invitert til å stå for den offisielle opninga av senteret.

Det nasjonale senteret for fjellandbruk skal vere eit nettverk for fjellbøndene og FoU-miljø, rådgjevarar, kommunar og andre med interesse for og kunnskap og kompetanse om å produsere mat og andre varer og tenester basert på ressursar i fjellbygdene. Dette skal famne mangfaldet av identitet og ressursgrunnlag i regionen.

Senteret skal vera eit nav og ei plattform for kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, og sikre betre utnytting av eksisterande og nye kunnskapsbasar. Samordning og deling av kompetanse og erfaring mellom bønder og fagmiljø i eit samarbeidande nettverk vil gi brei tilgang på og god utnytting av informasjon og fagkompetanse. Senteret skal danne nye møteplassar, både fysiske og digitale. Senteret skal skape eit fagleg og sosialt fellesskap på tvers mellom fjellbygdene.

Senteret skal bidra til å løfte opp fjellbondens problemstillingar og behov.

Kontaktperson :

Styreleiar Torfinn Opheim
Mobil: 918 26 398
Epost: torfinn.opheim@ryfylkeiks.no

Forrige
Forrige

Ny rapport frå unge fjellbønder

Neste
Neste

Seter-spesial!