Webinar om bærproduksjon i fjellet

Vurderer du å drive bærproduksjon som tilleggsnæring i fjellet? Lurar du på kva som skal til for å lukkast og om det er økonomi i å starte opp slik produksjon? 

Mandag 27. mai inviterer vi til webinar med gode foredragshaldarar som vil gje deg inspirasjon, svar på spørsmål og gode tips til korleis du kan starte opp. Webinaret er eit samarbeid mellom Fjellnettverket, Nasjonalt senter for fjellandbruk og forprosjekt frukt og bær i fjellandbruket. 

Webinaret er gratis og du melder deg på ved å “kjøpe” billett her;
Webinar om bærproduksjon i fjellet - Fjellnettverket

Foto; Visit Sognefjorden


Foredragshaldarar er: 

Anne Linn Hykkerud, forskar frå Nibio, avdeling frukt og bærproduksjon i Tromsø. Anne Linn har lang erfaring med forsking på arktisk hagebruk og planteproduksjon og vil halde innlegg om bruk av moderne produksjonssystem i tunnellar.

Anita Sønsteby, forskar frå Nibio, avdeling for frukt og bærproduksjon på Appelsvoll. Anita forsker på frukt og bær, og og spesielt plantefysiologi hos hagebær. Ho vil halde innlegg om fordelar og ulemper med bærproduksjon i fjellet. 

Øystein Timland, solbærbonde frå Hjartdal i Telemark. Øystein har 45 mål med solbær, i tillegg driv han med korn.  Av solbæra lagar han tre typar saft av; sukra, litt sukra og usukra saft. Safta og andre solbærprodukt sel han i gardsbutikken, på messer og i utvalde Meny-butikkar. Øystein deler sine erfaringar.

Erlend Moe, frå Moe Gard i Øyer. På garden produserar dei bringebær. Dei tilbyr sjølvplukk og leverer bær til restaurantar og utvalde matbutikkar.  Om sommaren driv dei gardsbutikk og sel produkt av bringebær; syltetøy, gelear, samt nyplukka bær. På garden også eit felt med honningbær (haskap). Erlend deler sine erfaringar frå 12 år med bringebærproduksjon i Gudbrandsdalen. 

Steve Saltermark, bonde frå Brønnøysund. Steve har tidlegare jobba i NLR Nord -Noreg og drive gard med gras, kjøtfe og sau. Dei siste 15 årene har drifta hatt auka fokus på bær. Dyrkar bringebær og jordbær i tunnel, i tillegg til solbær, tindved og frukt som dyrkast på friland. Steve deler sine erfaringar.

Forrige
Forrige

Ung Fjellbonde 2024

Neste
Neste

Se opptak av webinar om utmarksbeite