Offisiell åpning av senteret!
En merkedag! 13. juni 2023 ble Nasjonalt senter for fjellandbruk offisielt åpnet av landbruks- og matminister Sandra Borch på Løken gård i Valdres.
Om senteret:
“Det nasjonale senteret for fjellandbruk er eit nettverk for fjellbøndene og FoU-miljø, rådgjevarar, kommunar og andre med interesse for og kunnskap og kompetanse om å produsere mat og andre varer og tenester basert på ressursar i fjellbygdene. Dette skal famne mangfaldet av identitet og ressursgrunnlag i regionen.
Senteret skal bli eit nav og ei plattform for kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling, og sikre betre utnytting av eksisterande og nye kunnskapsbasar. Samordning og deling av kompetanse og erfaring mellom bønder og fagmiljø i eit samarbeidande nettverk vil gi brei tilgang på og god utnytting av informasjon og fagkompetanse. Senteret skal danne nye møteplassar, både fysiske og digitale. Senteret skal skape eit fagleg og sosialt fellesskap på tvers mellom fjellbygdene.”